Stadoù-Unanet Amerika : diforc'h etre ar stummoù
Endalc’h diverket Danvez ouzhpennet
Diverradenn ebet eus ar c'hemm |
Diverradenn ebet eus ar c'hemm |
||
Linenn 1:
{{manglar kjelder}}
{{Fakta om USA}}
'''Dei amerikanske Sambandsstatane''' eller berre '''USA''' ([[engelsk]]: ''United States of America'' eller ''USA'') er ein føderal republikk (forbundsrepublikk) som ligg i [[Nord-Amerika]]. Som adjektiv blir gjerne forkortinga US bruka, til dømes i namnet US Army, [[Den amerikanske hæren]]. Landet er det tredje mest folkerike i verda og blir rekna som den einaste gjenverande [[supermakt]]a i dag.
== Historie ==
=== Frå starten til sjølvstendekrigen ===
USA oppstod som stat da 12 små britiske koloniar på den nordamerikanske austkysten sør for [[Canada]] gjorde opprør mot det [[Storbritannia|britiske]] styret, erklærte seg sjølvstendige og oppretta ein [[føderal]] stat med 13 [[delstat]]ar. Sjølvstendeerklæringa blei vedteken den [[4. juli]] [[1776]], og er berømt for innleiinga «alle menneske er fødde likeverdige», som leia vidare til grunngjevinga for opprøret: At det engelske monarkiet var blitt despotisk, og hadde mist retten til å styra over dei amerikanske koloniane. Likeverdsprinsippet og retten til ein stat som er til for å beskytte rettane til innbyggjarane var viktige amerikanske prinsipp som inspirerte resten av verda. [[Thomas Jefferson]] vert rekna som «far» til sjølvstendeerklæringa, som han forfatta saman med [[Benjamin Franklin]].
I ettertid vart ikkje alle prinsippa i sjølvstendeerklæringa etterlevde i like stor grad, ettersom USA i åra som følgde heldt fram med å forfølgja [[indianarar]]. Det var ikkje forbode å halde [[slave|slavar]] og kvinner hadde ikkje [[røysterett]].
Sjølvstendeeklæringa vart følgd av ein sju år lang væpna konflikt mellom den [[revolusjon]]ære amerikanske hæren og britiske styrkar. Dette var Sjølvstendekrigen, eller [[Den amerikanske revolusjonen]]. Begge nemningane blir brukte.
I [[1783]] godkjende Storbritannia den nye staten [[Det amerikanske flagget|Flagget til USA]] fekk 13 striper og 13 stjerner, etter talet på delstatar (no: 50 statar, 50 stjerner). Fargane var [[raud]]t, [[kvitt]] og [[blått]] som i [[det britiske flagget]]. Dei fleste av dei 3-4 millionar kvite innbyggjarane i landet kom jo frå Storbritannia.
I 1788 vart den føderale grunnlova vedteken. Året etter vart [[George Washington]] vald til USAs fyrste president. I 1800 vann [[Thomas Jefferson]] presidentvalet mot sitjande president [[John Adams]]. Dette var fyrste gong i historia at makta over ein stat vart flytta frå eit parti til eit anna gjennom eit demokratisk val. Jefferson var demokratisk republikanar medan Adams var federalist.
=== Fritt land ===
I løpet av [[1800-talet]] ekspanderte USA veldig, både i areal og folketal. [[Indianar]]ane vart drepne eller fortrengde, store område vart tekne frå Mexico, og millionar av innvandrarar i hovudsak frå [[Europa]] folkesette landet og fylte dei nye storbyane i nord, der [[industri]]en voks fram. Den største territorielle ekspansjonen kom likevel gjennom ''[[the Louisiana Purchase]]'', der USA kjøpte dei franske koloniane i Nord-Amerika for 60 millionar franc. Dette området var på 2,14 millionar kvadratkilometer og kjøpet skjedde i 1803. The Louisiana Purchase tilsvarer 22,3 prosent av dagens USA.
I 1830 vedtok Kongressen ''[[Indian Removal Act]]'' etter framlegg frå president [[Andrew Jackson]]. Denne lova gjekk ut på at alle indianarar aust for Mississippielva skulle tvangsflyttast vestover. Jackson argumenterte med sikkerheitspolitiske omsyn for dette tiltaket. Lova fekk sterk støtte frå kongressmedlemmar frå sørstatane, som såg dette som ein moglegheit for å legge nye landområde i vest under USA sin kontroll. Senator [[Theodore Frelinghuysen]] og kongressmedlem [[David Crockett]] var saman med fleire religiøse grupper, mellom anna [[Jehovas Vitner]], sterke motstandarar av lova.
Indianarane valde å forfølgje lova rettsleg, og vann fram i den føderale høgsterett, men trass i det valde likevell dei aller fleste indianarane å flytte, fordi det var urå for dei å leve i fred i aust.
=== Borgarkrigen ===
[[Fil:New Orleans h76369k.jpg|mini|260px|Litografi av eit slag på [[Mississippi]] i 1862.]]
Motsetninga mellom det industrialiserande nord og det [[plantasje]]baserte [[jordbruk]]et i sør auka stadig. Det gjaldt særleg spørsmålet om [[toll]] og slaveri. Nord ville ha [[vernetoll]] mot britisk industri, eksportjordbruket i sør ville ha [[frihandel]] og billige britiske industrivarer.
Sørstatane vart dominerte av det Demokratiske partiet. Dei meinte at spørsmålet om slaveri skulle avgjerast av kvar einskild stat. Det Republikanske partiet vart skipa i 1854 og vart raskt dominerande i nord. Det ville ha eit forbod mot slaveri i den føderale grunnlova. Ved presidentvalet i 1860 vann Republikanarane for fyrste gong, og [[Abraham Lincoln]] vart president. I månadane etter presidentvalet vart det klarare og klarare at det gjekk mot borgarkrig. Ein månad før Lincoln vart innsett som president braut 11 sørstatar ut og danna ''[[Amerikas Konfødererte Statar]]'', eller rett og slett ''Konføderasjonen''. Dette hadde dei rett til etter [[Grunnlov]]a, som sa at det var ein friviljug [[union]], sa dei. President Lincoln godtok det ikkje, og ein månad etter at han vart innsett som president braut [[den amerikanske borgarkrigen]] ut då styrkar frå Konføderasjonen gjekk til åtak på Fort Sumter i delstaten [[South Carolina]].
I 1863 signerte Abraham Lincoln ''[[Frigjeringserklæringa]]''. Den erklæringa frigjorde slavane i dei områda som nordstatane, eller ''Unionen'', erobra frå Konføderasjonen. I november same året heldt han si kjende ''[[Gettysburg Address]]''. Dette var ein tale han heldt på slagmarka der slaget ved Gettysburg hadde stått i juli same år. Ved presidentvalet i 1864 gjekk republikanarane saman med den delen av det Demokratiske partiet som støtta borgarkrigen saman i ''Unionspartiet''. Unionspartiet vann valet og krigen fekk halde fram. Dette var det einaste valet Unionspartiet stilte i. Demokraten [[Andrew Johnson]] vart vald til visepresident.
Den 14. april 1865 vart [[Abraham Lincoln]] skoten under ei teaterframsyning i [[Washington, D.C.]] av sørstatssympatisøren [[John Wilkes Booth]]. På dette tidspunktet var utfallet av krigen allereie avgjort, og Lincoln vart ein martyr for frigjeringskampen for slavane. I desember same år vart òg eit forbod mot slaveri lagt til den føderale grunnlova.
Den amerikanske borgarkrigen gjaldt mange ting. I botnen låg dei økonomiske motsetnadene mellom nord og sør og det moralske aspektet ved slaveri. Desse motsetnadene vart forsterka av at økonomien i dei sørlege statane var baserte på slaveri medan motstanden mot dette var sterk i nordstatane.
=== Gjenoppbygging og industrialisering ===
Borgarkrigen var USA si største krise nokon gong, og den mest blodige krigen dei har vore med i, med minst 600.000 døde. Etter at sørstatane var blitt haldne tilbake i unionen med vald, heldt USA sin ekspansjon fram vestover og frå vestkysten og innover, til dei siste frie indianarane var drepne eller plasserte i småe «reservat».
Etter at konføderasjonen hadde lidd nederlag i borgarkrigen vart [[Ku Klux Klan]] danna. Dette var ein organisasjon som terroriserte firgjorde slavar i sør. [[Andrew Johnson]], som vart president etter drapet på [[Abraham Lincoln]] makta ikkje å hamle opp med klanen og vart slått i presidentvalet i 1868 av borgarkrigshelten [[Ulysses Grant]]. Grant sat føderale styrkar inn mot [[Ku Klux Klan]] og klarte å marginalisere dei.
Den industrielle revolusjonen gjekk på høggir siste halvdel av 1800-talet. Dette førte til urbanisering, økonomisk vekst og teknologiske framsteg. Perioden var og prega av tilnærma fråvær av offentlege reguleringar av næringslivet og industrien. Som følgje av dette klarte industriallistar som [[John D. Rockefeller]] og [[Andrew Carnegie]] å bygge formuene sine. Desse vert i dag rekna for å vere dei to personane i verdshistoria som har hatt størst, dokumenterbare, formuar. Rockefeller tente mesteparten av si formue på olje gjennom oljeselskapet [[Standard Oil]]. Olje vart i denne perioden ei viktig energikjelde for ein hurtig veksande økonomi. Carnegie tente mesteparten av si formue på stålindustrien gjennom Carnegie Steel, som seinare vart fusjonert med [[US Steel]].
=== Supermakt, fyrste verdskrigen og depresjonen ===
Rundt hundreårsskiftet ekspanderte USA vidare, ved å skaffe seg kontroll over tidlegare spanske koloniar som [[Cuba]] og [[Filippinane]]. Heile [[Latin-Amerika]] blei sett på som USA sitt «[[interesseområde]]», og USA har sidan gjort ei mengd militære [[intervensjon]]ar og andre meir indirekte innblandingar i Latin-Amerika. Masseinnvandringa til landet heldt fram til [[første verdskrigen]] tok til, men etter den blei det innført strenge kvotar for å hindre vidare innvandring av uønskte folkegrupper som [[jødar]] og [[italienarar]]. Heile tida sidan starten var den [[økonomi]]sk, kulturelt og politisk dominerande gruppa i USA dei såkalla [[WASP]]ane, White Anglo-Saxon Protestants, altså [[protestantisme|protestantar]] med britisk opphav. Alle US-amerikanske [[president]]ar til dato har vore menn med slikt opphav, unnateke [[John F. Kennedy]], som var av irsk-katolsk opphav.
[[Første verdskrigen]] førte til auka makt for USA. Landet var berre med siste året, og kom ut av krigen som [[kreditor]]-nasjon.
Alle skulda dei pengar, både dei allierte og etter krigen også dei slegne. Verda sitt finansielle sentrum skifta frå [[London]] sitt indre «City» til [[New York City|New York]]. 1920-talet var ei tid med god økonomisk utvikling i USA, men dette tok ei brå vending i 1929. Eit krakk på New York-børsen førte til at både privatpersonar og finansinstitusjonar tapte store pengar. Ein reknar med at om lag 1/3 av pengemengda i USA sin økonomi forsvann i starten av depresjonen.
Som følgje av kapitaltørka trekte finansinstitusjonar i USA attende låna dei hadde gjeve til europeiske land i gjenoppbyggingsfasen etter 1. verdskrigen. Dette førte til at kapitaltørka spreidde seg til Europa, og ein verdsomspennande depresjon var eit faktum. Eit av landa som vart hardt råka var Tyskland. Depresjonen var ei ulukke for middelklassa som etter børskrakket støtta opp om [[nazismen]] og [[Adolf Hitler]].
USA sjølv var og hardt råka av den økonomiske krisa. I tillegg til den økonomiske krisa og arbeidsløysa kom ei [[økologi]]sk krise: Mange [[bønder]] vart råka av «The Dust Bowl», da matjorda bles vekk etter altfor hard utnytting. Støvstormar var eit vanleg syn på landsbygda i USA under depresjonen.
Sitjande president [[Herbert Hoover]] ([[Det republikanske partiet i USA|R]]) tapte presidentvalet i 1932 for [[Det demokratiske partiet i USA|demokraten]] [[Franklin Delano Roosevelt]]. Roosevelt lanserte eit program mot depresjonen som han kalla for ''[[New Deal]]''. Dette var eit todelt program der den eine delen gjekk ut på å få hjula i økonomien i gang igjen. Den andre delen gjekk ut på å yte støtte til folk som mista livsgrunnlaget på grunn av depresjonen.
[[New Deal]] var inspirert av den britiske økonomen [[John Meynard Keynes]] sine teoriar om ein [[blandingsøkonomi]]. Verkemidla for å få fart på økonomien igjen gjekk ut på at staten skulle ta ein langt meir aktiv del i økonomien enn tidlegare. Ein sentral del av [[New Deal]] var ''[[Work Progress Administration]]''. Det var eit program som vart sett i gong for å investere i vegar, demningar og offentlege bygg, der arbeidsledige fekk jobbe deltid mot det som vart rekna for å vere normal timeløn i området. Det blei også sett i gang landbruksreformer, som m.a. gjekk ut på å betale bønder for å redusere arealet dei dreiv på for å få opp prisane på landbruksvarer slik at lønnsemda i landbruket skulle auke.
I tillegg vart ''[[Social Security]]'' skipa som var ei ordning som skulle gje økonomiske ytingar til alderspensjonistar og arbeidslause.
Roosevelt sine støttespelarar fekk namnet [[New Deal-koallisjonen]]. Den bestod i hovudsak av politikarar frå [[Det demokratiske partiet i USA|Demokratane]], fagforeiningsfolk, bønder, intellektuelle og etniske og religiøse minoritetar. Denne koalisjonen hadde makta i USA fram til [[Richard Nixon]] blei vald til president i 1968.
Den [[7. desember]] [[1941]] blei den amerikanske flåtebasen på [[Hawaii]] angripen av [[japan]]ske bombefly, og USA kom med i [[den andre verdskrigen]].
===
[[Fil:Amerikansk ambassade oslo 1.jpg|mini|Den amerikanske ambassaden i [[Oslo]], [[Noreg]]. Grunna terrorfrykt har det i seinare år vore gjort omfattande sikringsarbeid.]]
USA bar hovudbøra i andre verdskrigen sin [[asia]]tiske del, i kampen mot den japanske [[imperialisme]]n. I Europa var krigen mot [[Hitler]]-[[Tyskland]] langt på veg avgjord av [[Sovjetunionen]] da nordamerikanske, britiske og andre allierte styrkar landa i [[Normandie]] sommaren [[1944]]. Men USA si økonomiske og militære makt medverka til at det sovjetiske maktområdet ikkje breidde seg enda lenger vestover i Europa etter krigen.
Men samtidig som USA i hovudsak støtta [[demokrati]]et i [[Vest-Europa]], heldt dei fram med å støtte undertrykkjande og korrupte regime i andre verdsdelar, og mange av USA sine delstatar hadde eit valdeleg og diskriminerande åtskiljingssystem ([[segregation]], [[apartheid]]) som i praksis stel grunnleggjande [[menneskerettar]] frå [[afroamerikanar]]ane. Under [[den kalde krigen]] blei òg den politiske [[fridom]]men i landet innskrenka, gjennom ein hysterisk kampanje mot alt [[venstresida|venstreorientert]], som blei kalla «kommunistisk». Særleg [[1950-åra]] var prega av slik «[[mccarthyisme]]», etter senator Joseph McCarthy som leidde denne [[heksejakt]]a.
Afroamerikanarane måtte føre ein langvarig og hard kamp for å få slutt på den opne diskrimineringa i landet. Ein av dei fremste leiarane deira var [[Martin Luther King jr]]. Ikkje før midt på [[1960-talet]] hadde nye føderale lover sørgd for at diskriminering og formell åtskiljing blei ulovleg. Men [[fattigdom]]sproblemet er framleis stort blant afroamerikanarane, relativt mykje større enn for den kvite befolkninga, og fleire tilfelle av [[rasisme|rasistisk]] politivald er blitt avslørt dei seinare åra.
Etter den kalde krigen er USA den einaste militære [[supermakt]]a i verda. Men økonomisk er bildet meir tvitydig, for landet har konstant store underskot på [[handelsbalanse]]n og [[statsbudsjett]]et, og dei sosiale skilnadene mellom fattige og rike blir stadig større. Store grupper lønnstakarar har hatt [[reallønn]]snedgang dei siste åra, og ein ny kategori fattige i USA har fått namnet «working poor». USA sin status som supermakt kjem også under press frå utvidinga av EU; økonomisk framdrift i slike land som Russland, Kina og India; og tap av politisk prestisje etter negative reaksjonar til USA sin utanrikspolitikk dei siste åra.
==
=== Klima ===
{{detaljar|Klima i USA}}
USA er eit svært stort land med mange forskjellige geografiske landskap, og landet inneheld derfor nesten alle [[klima]] ein har i verda. Klimaet er [[temperert klima|temperert]] dei fleste stader, [[tropisk klima|tropisk]] på [[Hawaii]] og sørlege delar av [[Florida]], [[arktisk klima|arktisk]] i [[Alaska]], [[steppeklima|halvørken]] på [[Great Plains]], [[ørken]] i sørvest, [[middelhavsklima]] i kystområda av [[California]] og [[tørt klima|tørt]] i [[Great Basin]].
Klimaet i USA er kjenneteikna med nokre av dei mest ekstreme vêrfenomena ein har på jorda, som [[tropisk syklon|tropiske orkanar]], [[tornado]]ar, [[snøstorm]]ar, store temperaturskilnadar, og enorme nedbørsmengder. Landet har ein minimums- og maksimumstemperatur som varierer frå -62 °C til 57 °C, og stader har fått 1000 mm på mindre enn ein dag, medan andre område har fått 25 meter snø på berre ein vinter.
Dei 48 samanhengande statane ligg alle innafor den [[temperert klima|tempererte sona]], så ein kan vente seg både behaglege temperaturar og stundom svært kalde eller varme forhold så godt som alle stader. [[Miami]] Beach har hatt snøfall (januar 1977), medan temperaturen har vorte så høg som 49 °C i [[North Dakota]], som ligg på same breiddegrad som [[Frankrike]]. [[Mexicogolfen]] sender opp mykje fukt over dei austlege områda av landet, slik at [[Minneapolis]] kan vere like fuktig som [[New Orleans]] midtsommars. Forholda er tørrare og friskare i [[Rocky Mountains]], og vêret i [[California]] er ei verd i seg sjølv. I dei indre områda her finn ein både den steikande varme [[Death Valley]], eit av dei varmaste områda på jorda, og dei [[snø]]kledde fjella [[Sierra Nevada i Amerika|Sierra Nevada]].
=== Delstatar ===
: ''Sjå òg [[Delstatar i USA]]''
[[Fil:Map of USA showing state names.png|500px]]
USA består av 50 [[delstat]]ar:
{| border="0"
| valign=top |
* [[Alabama]]
* [[Alaska]]
* [[Arizona]]
* [[Arkansas]]
* [[California]]
* [[Colorado]]
* [[Connecticut]]
* [[Delaware]]
* [[Florida]]
* [[staten Georgia|Georgia]]
* [[Hawaii]]
* [[Idaho]]
* [[Illinois]]
| valign=top |
* [[Indiana]]
* [[Iowa]]
* [[Kansas]]
* [[Kentucky]]
* [[Louisiana]]
* [[Maine]]
* [[Maryland]]
* [[Massachusetts]]
* [[Michigan]]
* [[Minnesota]]
* [[Mississippi]]
* [[Missouri]]
* [[Montana]]
| valign=top |
* [[Nebraska]]
* [[Nevada]]
* [[New Hampshire]]
* [[New Jersey]]
* [[New Mexico]]
* [[staten New York|New York]]
* [[Nord-Carolina]]
* [[Nord-Dakota]]
* [[Ohio]]
* [[Oklahoma]]
* [[Oregon]]
* [[Pennsylvania]]
* [[Rhode Island]]
| valign=top |
* [[Sør-Carolina]]
* [[Sør-Dakota]]
* [[Tennessee]]
* [[Texas]]
* [[Utah]]
* [[Vermont]]
* [[Virginia]]
* [[Washington]]
* [[Vest-Virginia]]
* [[Wisconsin]]
* [[Wyoming]]
|}
Forbundsdistrikt & hovudstad: [[Washington, DC]]
Til USA høyrer også nokre mindre territorier utanfor fastlandet. Blant dei er [[Puerto Rico]], [[Guam]], [[dei amerikanske Jomfruøyane]], [[amerikansk Samoa]] og [[Nord-Marianane]].
== Politisk ==
Dei sameinte statane er den eldste eksisterande føderasjon, og er eit representativt demokrati basert på De sameinte statane si grunnlov. Grunnlova blei vedteken i 1789, då den erstatta Articles of Confederation.
Det er tre eller fire forvaltningsnivå i USA. Det føderale nivået står øvst, men delstatane (nokre få av delstatane er formelt ''Commonwealths'' og ikkje ''states'') har svært stor makt. Statar er inndelt i [[fylke]] (i dei fleste delstatar kalla «[[counties]]»). Oppgåvene til fylka varierer frå delstat til delstat. Mange stader har eit òg kommune- og/eller bystyre som eit fjerde nivå, mens nokre tettstader ikkje har noko slikt nivå og ligg direkte under fylket.
På alle nivå blir politikarar valte direkte av veljarane i hemmelege [[fleirtalsval]], med unnatak av ordninga med valmenn som indirekte peikar ut [[President i USA|presidenten]]. På føderalt nivå og i dei aller fleste tilfelle på delstats- og lokalpolitisk nivå vel veljarane leiaren for den utøvande makta (president, guvernørar, byrådsleiarar o.l.), mens desse igjen peikar ut medlemmane av administrasjonen. Det er ikkje parlamentarisme i USA, og regjeringsmedlemmar står i hovudsak ansvarleg berre overfor presidenten. Mange stader blir òg dommarar og påtalar valt, men i dei fleste statar blir desse peika ut av guvernøren. Det er svært mange embetsmenn og råd/styrer som blir valt direkte av folket i USA, slik som for eksempel lokale skolestyre.
Dei føderale styresmaktene følgjer maktfordelingsprinsippet, og er inndelt i tre deler. Denne inndelinga blir kalla «checks and balances» i USA, då inndelinga er meint å sørgje for at ingen av delane blir for sterke i høve til dei andre.
Den politiske forsamlinga er [[Kongressen i USA|Kongressen]]. Han er delt i to deler, [[Senatet i USA|Senatet]] og [[Representanthuset i USA|Representanthuset]]. I Senatet er alle delstatar representerte med to senatorar, mens talet representantar i «Huset» blir bestemt av folketalet i delstatane, noko som blir justert av den landsomfattande folketeljinga kvart tiande år. Vala til Representanthuset er i einmannskrinsar. Kongressen er lovgjevande makt, og har ansvaret for føderale budsjett. Det er òg Kongressen som har fullmakt til å erklære krig, samt fullmakt til å godkjenne internasjonale traktatar.
Den utøvande makta blir leidd av presidenten. Presidenten peikar ut regjeringsmedlemmane, som òg må godkjennast av Senatet. Presidenten har svært vide fullmakter utanrikspolitisk, og er øvstkommanderande for dei væpna styrkane. Presidenten kan òg leggje ned veto mot lov- og budsjettvedtak i Kongressen. Det blir kravt 2/3 fleirtal i båe kammer av Kongressen for å oppheve eit veto.
Den dømmande makt består av eit system med føderale domstolar, med høgsterett på toppen. Høgsterett har stor makt, og kan erklære lover forfatningsstridige. Høgsterett i USA er og i stor grad lovskapande gjennom si fortolking av grunnloven. Til dømes kom den føderale abortlovgjevinga til gjennom ein dom ([[Roe vs. Wade]]) og er aldri vedtatt av eit politisk organ. Dette tyder og at det står stor politisk strid om utpeikinga av høgsterettsdommarar.
Grunnlova ligg til grunn for det amerikanske systemet, og regulerer dei fleste tilhøve mellom dei dei føderale styresmaktene og folket. Delstatane har sine eigne grunnlover, som likevel ikkje kan overstyre den føderale grunnlova. Den føderale grunnlova kan endrast på to måtar, båe måtane krev at tre firedelar av delstatane godkjenner tillegg. Grunnlovstillegg blir kalla «amendments» i USA. Det har vore 27 grunnlovstillegg, der «Bill of Rights» er det mest kjende. Bill. of Rights er dei ti første tillegga, ratifiserte i 1791. Dei garanterer grunnleggjande demokratiske rettar som ytringsfridom, religionsfridom og pressefridom, i tillegg til ting som retten til å bere våpen. Andre viktige grunnlovstillegg er det trettande som oppheva slaveriet, og det nittande som gav kvinner stemmerett.
Amerikansk politikk blir dominert av to parti, [[Det republikanske partiet i USA]] og [[Det demokratiske partiet i USA|Det demokratiske partiet]]. Desse to partia deler dei aller fleste posisjonar mellom seg, sjølv om uavhengige kandidatar er noko vanlegare på lokalt nivå. Generelt sett er republikanarane konservative og demokratane det som i amerikansk språkbruk blir omtalt som «liberale» (sentrum-venstreorienterte), men båe partia rommar eit vidt spekter av ulike politiske oppfatningar.
{{commons2|United States}}
{{Nord-Amerika}}
{{NATO}}
{{OECD}}
[[Kategori:Land i Nord-Amerika]]
[[Kategori:NATO-land]]
<!--interwiki (no, sv, da first; then other languages alphabetically by name)-->
{{Link AA|da}}
{{Link FA|an}}
{{Link FA|ceb}}
{{Link FA|es}}
{{Link FA|eu}}
{{Link FA|fa}}
{{Link FA|fo}}
{{Link FA|lv}}
{{Link FA|ml}}
{{Link FA|pt}}
{{Link FA|sl}}
{{Link FA|sq}}
{{Link FA|vi}}
{{Link FA|zh}}
[[no:USA]]
[[sv:USA]]
[[da:USA]]
[[ace:Amirika Carékat]]
[[kbd:Америкэ Штат Зэгуэт]]
[[af:Verenigde State van Amerika]]
[[als:USA]]
[[am:አሜሪካ]]
[[ang:Ȝeānedu Rīcu American]]
[[ab:Америка Еиду Аштатқәа]]
[[ar:الولايات المتحدة]]
[[an:Estatos Unitos]]
[[arc:ܐܘܚܕܢܐ ܡܚܝܕܐ]]
[[roa-rup:Vãsãliili Diadunu ali Americhia]]
[[frp:Ètats-Unis d’Amèrica]]
[[as:আমেৰিকা যুক্তৰাষ্ট্ৰ]]
[[ast:Estaos Xuníos d'América]]
[[gn:Tetã peteĩ reko Amérikagua]]
[[av:Америкалъул Цолъарал Штатал]]
[[ay:Istadus Unidus]]
[[az:Amerika Birləşmiş Ştatları]]
[[bm:Amerika ka Kelenyalen Jamanaw]]
[[bn:মার্কিন যুক্তরাষ্ট্র]]
[[zh-min-nan:Bí-kok]]
[[map-bms:Amerika Serikat]]
[[ba:Америка Ҡушма Штаттары]]
[[be:Злучаныя Штаты Амерыкі]]
[[be-x-old:Злучаныя Штаты Амэрыкі]]
[[bcl:Estados Unidos]]
[[bi:Yunaeted Stet blong Amerika]]
[[bg:Съединени американски щати]]
[[bar:Vaeinigte Staatn]]
[[bo:ཨ་མེ་རི་ཁ་རྒྱལ་ཕྲན་མཉམ་འབྲེལ་རྒྱལ་ཁབ།]]
[[bs:Sjedinjene Američke Države]]
[[br:Stadoù-Unanet Amerika]]
[[bxr:Амеэрикын Нэгэдэһэн Улас]]
[[ca:Estats Units d'Amèrica]]
[[cv:Америкăри Пĕрлешӳллĕ Штатсем]]
[[ceb:Estados Unidos]]
[[cs:Spojené státy americké]]
[[cbk-zam:Estados Unidos de America]]
[[sn:United States of America]]
[[co:Stati Uniti d'America]]
[[cy:Unol Daleithiau America]]
[[
[[de:Vereinigte Staaten]]
[[dv:އެމެރިކާ]]
[[nv:Wááshindoon Bikéyah Ałhidadiidzooígíí]]
[[dsb:Zjadnośone staty Ameriki]]
[[dz:ཡུ་ནའིཊེཊ་སི་ཊེས]]
[[
[[el:Ηνωμένες Πολιτείες Αμερικής]]
[[eml:Stat Unî]]
[[en:United States]]
[[myv:Американь Вейтьсэндявкс Штаттнэ]]
[[es:Estados Unidos]]
[[eo:Usono]]
[[ext:Estaus Unius]]
[[eu:Ameriketako Estatu Batuak]]
[[
[[fa:ایالات متحده آمریکا]]
[[
[[fo:USA]]
[[fr:États-Unis]]
[[fy:Feriene Steaten]]
[[ff:Dowlaaji Dentuɗi]]
[[fur:Stâts Unîts di Americhe]]
[[ga:Stáit Aontaithe Mheiriceá]]
[[gv:Steatyn Unnaneysit America]]
[[gag:Amerika Birleşik Devletläri]]
[[gd:Na Stàitean Aonaichte]]
[[gl:Estados Unidos de América - United States of America]]
[[gan:美國]]
[[ki:United States]]
[[glk:آمریکا]]
[[gu:સંયુક્ત રાજ્ય અમેરિકા]]
[[got:𐌱𐌰𐌽𐌳𐌰𐍂𐌴𐌹𐌺𐌾𐌰]]
[[hak:Mî-koet]]
[[xal:Америкин Ниицәтә Орн Нутгуд]]
[[ko:미국]]
[[ha:Amurika]]
[[haw:‘Amelika Hui Pū ‘ia]]
[[hy:Ամերիկայի Միացյալ Նահանգներ]]
[[hi:संयुक्त राज्य अमेरिका]]
[[hsb:Zjednoćene staty Ameriki]]
[[hr:Sjedinjene Američke Države]]
[[io:Usa]]
[[ig:Njikota Obodo Amerika]]
[[ilo:Estados Unidos iti Amerika]]
[[bpy:তিলপারাষ্ট্র]]
[[id:Amerika Serikat]]
[[ia:Statos Unite de America]]
[[ie:Federativ States de USA]]
[[iu:ᐊᒥᐊᓕᑲ]]
[[ik:United States of America]]
[[os:Америкæйы Иугонд Штаттæ]]
[[xh:IYunayithedi Steyitsi]]
[[zu:IMelika]]
[[is:Bandaríkin]]
[[it:Stati Uniti d'America]]
[[he:ארצות הברית]]
[[jv:Amérika Sarékat]]
[[kl:Naalagaaffeqatigiit]]
[[kn:ಅಮೇರಿಕ ಸಂಯುಕ್ತ ಸಂಸ್ಥಾನ]]
[[
[[krc:Американы Бирлешген Штатлары]]
[[ka:ამერიკის შეერთებული შტატები]]
[[csb:Zjednóné Kraje Americzi]]
[[kk:Америка Құрама Штаттары]]
[[kw:Statys Unys]]
[[rw:Leta Zunze Ubumwe z’Amerika]]
[[rn:Leta z’Unze Ubumwe za Amerika]]
[[sw:Marekani]]
[[kv:Америкаса Ӧтувтчӧм Штатъяс]]
[[ht:Etazini]]
[[ku:Dewletên Yekbûyî yên Amerîkayê]]
[[ky:Америка Кошмо Штаттары]]
[[mrj:Америкын Ушымы Штатвлӓжӹ]]
[[lad:Estatos Unitos d'Amerika]]
[[lbe:Американал ЦачӀунхьу Штатру]]
[[lez:Америкадин Садхьанвай Штатар]]
[[ltg:Amerikys Saškierstuos Vaļsteibys]]
[[la:Civitates Foederatae Americae]]
[[lv:Amerikas Savienotās Valstis]]
[[lb:Vereenegt Staate vun Amerika]]
[[lt:Jungtinės Amerikos Valstijos]]
[[lij:Stati Unïi d'America]]
[[li:Vereinegde State van Amerika]]
[[ln:Lisangá lya Ameríka]]
[[jbo:mergu'e]]
[[lg:Amereka]]
[[lmo:Stat Ünì d'America]]
[[
[[mk:Соединети Американски Држави]]
[[mg:Etazonia]]
[[ml:അമേരിക്കൻ ഐക്യനാടുകൾ]]
[[mt:Stati Uniti tal-Amerika]]
[[mi:Hononga-o-Amerika]]
[[mr:अमेरिकेची संयुक्त संस्थाने]]
[[xmf:ამერიკაშ აკოართაფილი შტატეფი]]
[[arz:امريكا]]
[[mzn:متحده ایالات آمریکا]]
[[ms:Amerika Syarikat]]
[[min:Amerika Serikat]]
[[cdo:Mī-guók]]
[[mwl:Stados Ounidos de la América]]
[[mdf:Америконь Соткс]]
[[mn:Америкийн Нэгдсэн Улс]]
[[my:အမေရိကန်ပြည်ထောင်စု]]
[[nah:Tlacetilīlli Tlahtohcāyōtl Ixachitlān]]
[[na:Eben Merika]]
[[nl:Verenigde Staten]]
[[nds-nl:Verienigde Staoten van Amerika]]
[[ne:संयुक्त राज्य अमेरिका]]
[[new:
[[ja:アメリカ合衆国]]
[[nap:State Aunite d'Amereca]]
[[ce:Ӏамерикан ХӀоьттина Мехкаш]]
[[frr:Feriind Stoote foon Ameerika]]
[[pih:Yunitid Staits]]
[[nrm:Êtats Unnis d'Améthique]]
[[nov:Unionati States de Amerika]]
[[oc:Estats Units d'America]]
[[
[[or:ଯୁକ୍ତରାଷ୍ଟ୍ର ଆମେରିକା]]
[[om:USA]]
[[uz:Amerika Qoʻshma Shtatlari]]
[[pa:ਸੰਯੁਕਤ ਰਾਜ ਅਮਰੀਕਾ]]
[[pfl:Verainischde Schdaade vun Ameriga]]
[[
[[pnb:امریکہ]]
[[pap:Estadonan Uni di Merka]]
[[ps:د امریکا متحده ایالات]]
[[koi:Америкаись Ӧтлаасьӧм Штаттэз]]
[[km:សហរដ្ឋអាមេរិក]]
[[pcd:États-Unis Anmérikes]]
[[pms:Stat Unì d'América]]
[[tpi:Ol Yunaitet Stet]]
[[nds:USA]]
[[pl:Stany Zjednoczone]]
[[pt:Estados Unidos]]
[[kaa:Amerika Qurama Shtatları]]
[[crh:Amerika Qoşma Ştatları]]
[[ty:Fenua Marite]]
[[ksh:Vereenichde Staate van Amerika]]
[[ro:Statele Unite ale Americii]]
[[rm:Stadis Unids]]
[[qu:Hukllachasqa Amirika Suyukuna]]
[[rue:Споєны Штаты Америцькы]]
[[ru:Соединённые Штаты Америки]]
[[sah:Америка Холбоһуктаах Штааттара]]
[[se:Amerihká ovttastuvvan stáhtat]]
[[sm:Iunaite Sitete o Amerika]]
[[sa:संयुक्तानि राज्यानि]]
[[sg:ÂKödörö-ôko tî Amerîka]]
[[sc:Istados Unidos de Amèrica]]
[[sco:Unitit States]]
[[stq:Fereende Stoaten fon Amerikoa]]
[[nso:United States of America]]
[[tn:USA]]
[[sq:Shtetet e Bashkuara të Amerikës]]
[[scn:Stati Uniti]]
[[si:ඇමරිකානු එක්සත් ජනපදය]]
[[simple:United States]]
[[sd:آمريڪا]]
[[ss:IMelika (live)]]
[[sk:Spojené štáty]]
[[sl:Združene države Amerike]]
[[cu:Амєрїканьскꙑ Ѥдьнѥнꙑ Дрьжавꙑ]]
[[szl:Zjednoczůne Sztaty]]
[[so:Mareykanka]]
[[ckb:ویلایەتە یەکگرتووەکانی ئەمریکا]]
[[srn:Kondre Makandrameki]]
[[sr:Сједињене Америчке Државе]]
[[sh:Sjedinjene Američke Države]]
[[su:Amérika Sarikat]]
[[
[[
[[ta:அமெரிக்க ஐக்கிய நாடு]]
[[kab:Iwunak Yedduklen]]
[[roa-tara:Statère Aunìte d'Americhe]]
[[tt:Америка Кушма Штатлары]]
[[te:అమెరికా సంయుక్త రాష్ట్రాలు]]
[[tet:Estadu Naklibur Sira Amérika Nian]]
[[th:สหรัฐอเมริกา]]
[[tg:Иёлоти Муттаҳидаи Амрико]]
[[to:Puleʻanga fakatahataha ʻAmelika]]
[[chr:ᏌᏊᎢᏳᎾᎵᏍᏔᏅᏍᎦᏚᎩ ᎾᎿ ᎠᎺᏰᏟ]]
[[chy:United States]]
[[tr:Amerika Birleşik Devletleri]]
[[tk:Amerikanyň Birleşen Ştatlary]]
[[tw:USA]]
[[udm:Америкалэн Огазеяськем Штатъёсыз]]
[[uk:Сполучені Штати Америки]]
[[ur:ریاستہائے متحدہ امریکہ]]
[[ug:ئامېرىكا قوشما شىتاتلىرى]]
[[za:Meijgoz]]
[[vec:Stati Unii de ła Mèrica]]
[[vep:Amerikan Ühtenzoittud Valdkundad]]
[[vi:Hoa Kỳ]]
[[vo:Lamerikän]]
[[fiu-vro:Ameeriga Ütisriigiq]]
[[wa:Estats Unis]]
[[zh-classical:美國]]
[[vls:Verênigde Stoaten van Amerika]]
[[war:Estados Unidos]]
[[wo:Diiwaan yu Bennoo]]
[[wuu:美国]]
[[ts:United States]]
[[yi:פאראייניקטע שטאטן פון אמעריקע]]
[[yo:Àwọn Ìpínlẹ̀ Aṣọ̀kan Amẹ́ríkà]]
[[
[[diq:Dewletê Amerikayê Yewbiyayey]]
[[zea:Vereênigde Staeten]]
[[bat-smg:JAV]]
[[zh:美国]]
|